Eventyrlege julegåver

Det meste av syinga og strikkinga for tida handlar om julegåver, og det aller meste kjem eg ikkje til å blogge om før i romjula. Likevel klarar eg ikkje å dy meg heilt – og håpar at dei som får julegåvene eg no skal røpe, ikkje kikkar innom her så ofte 😉

Handlaga såper frå Alveland på Andøya

For nokre få dagar sidan fekk eg eit lass med lekre og gode handlaga såper frå Alveland – ei bedrift på Andøya. Dei første såpene derifrå kjøpte eg i påsken, etter å ha laga ein artikkel til Norwegian sitt flymagasin om den eventyrlege såpesatsinga til Rita King. Eg har brukt både multebær, – blåbær og tyttebærsåpa – og alle fell i smak.

Dette var ei sommargåve

I tillegg kjøpte eg ei kaffesåpe til å ha på kjøkkenet og det er den som vert julegåve til nokon i år. Då eg bestilte julegåvene i nettbutikken til Alveland, handla eg òg inn ei julesåpe. Skulle verkeleg ønskje eg kunne dele lukta med dåke for den er aldeles fantastisk. Heile familien kom i julestemning då konvolutten vart opna, men tatt i bruk vert ikkje såpa før i desember.
Gledar meg.
Det vert naturleg nok strikka nokre kjøkkenklutar som skal pakkast i lag med kaffesåpene. Så då er det vel berre å hive seg rundt og strikke litt!
Forsatt god sundag til deg.

Dette var sommargåve til dei fantastiske damene som jobbar i barnehagen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s