Favorittbestefar

For ein god månad sidan vart denne bestefartrøya til minste kalen ferdig, og genseren vart fort ein favoritt. Den er mykje i bruk, inne som ute. Sjølv om eg har vist den fram tidlegare, dristar eg meg til å gjere det igjen – spesielt sidan dette er eit av mine absolutt favorittmønster frå Pickles.

Enkel bestefartrøye vert mykje brukt.

Enkel bestefartrøye vert mykje brukt, og passar perfekt til buksa frå Nøstebarn.

Kan hende kjenner du ein stilig liten kar eller ei kul jente som ønskjer seg ny tøff genser til jul? I så fall er denne absolutt å anbefale – enkel å strikke, lett å bruke. Både litlo og eldste kalen har spurt om dei kan få likeins, så det ser ut til å verte fleire bestefartrøyer på pinnane mine etter kvart. Først skal eg berre få unna dei siste julegåvene som eg har lagt opp til…

bestefartrøye2 (1 of 1)

Tøft tweedgarn i 100 prosent ull.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s