Handlaga krabbeteiner

Det er stas å pakke inn og gje heimelaga til jul, men enda kjekkare er det å få! I år har min dyktige og kreative pappa laga krabbeteiner i barnestørrelse til sine fire barnebarn. Desse syns eg er så flotte at eg berre er nødt til å dele dei med dykk!

Krabbeteiner i tre, handlaga av min far.

Krabbeteiner i tre, handlaga av min far.

Tre av teinene vart pakka opp av litlo og kalane, og foreløpig står dei til pynt i stova. Ungane gledar seg dog til å leke med dei i fjæra og på sjøen for å sjå om gråkrabbane kryp inni. Taskekrabbane tek vel neppe turen inn her, då teinene har mindre dimensjon enn originalen som kjærasten fekk for fleire år sidan.
Tusen, tusen takk for verdifull og forseggjorte gåver, mamma og pappa!

Handlaga ned til minste detalj!

Handlaga ned til minste detalj!

2 responses to “Handlaga krabbeteiner

Kommenter innlegget