God kveld! Ville berre stikke innom for å vise dykk dei heimelaga klærne litlo kledde på seg i helga. Så stas når dei små sjølv hentar fram det mora har laga! Ballongbuksa er sydd for to år sidane i fløyelsstoff frå Stoff og stil. Størrelsen er seks år, men den passar fortsatt fint til 8-åringen.
Ponchoen strikka eg i romjula. Den er laga etter mønster frå Sandnes garn og strikka i Easy på pinne nummer 7. Den vridde halsen er inspirert av Pickles sin vaksenvariant, men eg har gjort den om til ein barnehals og latt meg inspirere av Strikk og tøys-metoden. Halsen er strikka i abuelita tjukk merino.
Ønskjer dykk ein finfin kveld. Her er det strikking og sofaliv som står på planen.
Det finnes ikke bedre kompliment enn at de selv ønsker å ha på seg hjemmelaga plagg:) God helg!