Mønster på vridd hue og hals

Det er fleire som har etterlyst mønster på vridd hue og hals til barn som eg har laga fleire gongar – både til litlo og som gåver til bursdagsjenter.

Kvit vridd barnehals + hue i Abuelita tjukk merino

Kvit vridd barnehals + hue i Abuelita tjukk merino

Alle setta er strikka i superdeileg abuelita tjukk merino frå Pickles, og halsen er ein forminska versjon av Pickles sin vridde hals. Eg har og strikka barnehals med Strikk og tøys-vri.
Om du vil prøve deg på samme settet kan du følge oppskriftene under – passar 4-8-åringar:

Vridd hue til litlo

Vridd hue til litlo

Hue: Legg opp 44 masker på rundpinne 8. Strikk vrangbord i cirka 6 cm. 2 rette og 2 vrange. Auk til 48 masker når du er ferdig med vrangborda og strikk vridd mønster (som i vridd hals frå Pickles* eller med Strikk og tøys**-vri) så langt som du vil at hua skal vere. Eg felte av då den målte 20-22 centimeter.

*
Pinne 1: Strikk rett
Pinne 2: *1 kast, strikk 2 masker sammen, strikk 1 rett* Gjenta fra * til * ut      pinnen. Gjenta desse 2 pinnane til garnet begynner å ta slutt, fell av.

** Strikk rett kun på første runde. Strikk deretter  *1 kast, strikk 2 masker sammen, strikk 1 rett* Gjenta fra * til * ut til det begynner å bli tomt for garn, fell av.

Vridd hals inspirert av Strikk og tøys

Vridd hals inspirert av Strikk og tøys

Hals: Legg opp 63 masker på rundpinne 10 og strikk vridd hals-mønster (Pickles-versjon eller Strikk og tøys-versjon) av resten av nøste eller så høg som du ønskjer at halsen skal vere. Denne versjonen går to rundar rundt ein barnehals.

Lykke til!

2 responses to “Mønster på vridd hue og hals

  1. Hei! Takk for fine oppskrifter! Skal starte på en gave nå. Tenkte å øke maskeantallet å strikke på samme pinne som lue. Har du forsøkt det? Hvor høy/bred er ca en ferdig barnehals?

    • Hei, Camilla! Så stas å lese at du strikker vridd hue og hals. Usikker på størrelsen om du bruker samme pinne på hals som lue, men ville nok valgt å lagt opp noen masker ekstra 😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s