I juni 2010 sydde eg ein kjole til litlo som me har hatt mykje glede av. Til og med no – neste tre år etter at spencerkjolen var ferdig – har me pakka den med på årets påskeferie.
Og i år er påskeferien lagt langt vekk frå snødekte fjelltoppar så kjolen får lufte seg både tidleg og seint.
Mønsteret har eg henta frå boka Sy til barn av Rikke Misciattelli og er i størrelse seks år, men som selar har eg brukt ein rest skråband som er lagt dobbelt. Selane vart litt lange – heldigvis – så dei har eg berre justert med ein knute og på den måten har kjolen hatt laaang levetid.
Den var fin, ekstra stas når kjolen har så lang levetid. Elsker stoffet! Kos dykk på ferie:)