Det hopar seg opp med garnrestar og sjølv om eg har laga både restegarnkurv, hårband og dukkevognteppe monnar det ikkje heilt. No har eg latt meg inspirere av blant anna min gode venn Strikk og tøys som har gått i gang med eit flott rilleteppe etter mønster frå Arne og Carlos si bok Håndarbeid fra hagen.
Eg har henta fram nokre hundre gram med abuelita tjukk merino frå restekorga og er i gong med Stort rilleteppe frå Pickles. Dog har eg valgt å strikke ein variant med striper i staden for ein og ein farge ferdig slik Pickles har gjort.
Er veldig fornøyd med starten, men er spent på fortsetjinga, og ikkje minst korsen det blir å strikke eit såpass stort prosjekt som eg har tenkt. Ønskjer meg nemleg eit lunt teppe til utebruk på terrassen. Om eg skulle bli lei før det vert stort nok, kan eg gi det til litlo så ho kan bruke det som vognteppe til dukkene sine eller det kan bli et babyteppe til nokon som vil ha det.
God kreativ helg!
Ha ha, du og! Jeg er vel forsåvidt godt igang med mitt og er også spent på hvor lenge jeg orker. Det går veldig bra til nå og det går unna med rester 🙂 Lykke til videre, og så får vi håpe været tillater balkongbruk ut over våren/sommeren 🙂
Starten ser forresten veldig bra ut!
Så flott teppet ditt blir!
Kan tenke meg det blir veldig godt å mykt også med det garnet!