Hjelmlue og multnomah

God morgon! Ein roleg start på søndagen mens vi ventar på at sola skal kikke fram og temperaturane stige i vest. På tide å vise fram ei barselgåve som eg strikka i april, men som eg ikkje har blogga enda. Eg fann fram eit gammalt oppskriftshefte frå Sandnesgarn (modell nr. 9) som eg skaffa meg då eg gjekk gravid med litlo for ni år sidan. Eg har strikka både buksa, jakka og hjelmen til kalen, men denne gongen vart det kun ein hjelm, einsfarga, til ei lita jente som er venta til verda om kort tid.

Hjelmlue etter oppskrift frå Sandnes garn

Hjelmlue etter oppskrift frå Sandnes garn strikka på pinne 2.5. Brukte litt meir enn eit halvt nøste Trysil garn merinoull.

No er det kaffe i koppen og nokre rundar på multnomah-sjalet. Det vert stikka i det flotte garnet Jawoll Magic som kom i posten etter at eg var med på garnbyttet som  Wool Rocks arrangerte på nyåret. Ha ein finfin sundag!

Nytt multnomah-sjal på gang.

Nytt multnomah-sjal på gang.

One response to “Hjelmlue og multnomah

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s