Det nye kjolemønsteret eg prøvde ut i fjor er henta fram igjen, og endeleg har ein ny litlokjole sett dagens lys. For ei tid sidan fekk eg gjennomført eit klipperaid på syrommet. Ein kjole, to bukser og tre tunikaer vart klippa ut, og no er altså kjolen ferdig. Resten er halvsydd…
Stoffa eg har kombinert er eit lekkert og kjært stoff kjøpt på Adlys eventyrsalong på Andøya sommaren 2010, ermane er frå ei arva gardin som ei snill bergenserinna gav med for eit par år sidan.
Kjolen er laga med utgangspunkt i tunikamønsteret frå Minikrea.