Resterilleteppe ruler

Godt og varmt.

Godt og varmt.

4,5 månader etter at eg begynte mitt resterilleteppeprosjekt er eg i mål! Eit lunt, mjukt og fargerikt rilleteppe av restar er ferdig, og klart til å varme kropp og sjel på kalde haustdagar.

Resterilleteppe.

Resterilleteppe.

Etter mønster frå Pickles.

Etter mønster frå Pickles.

Planen var å strikke det ferdig og bruke det som uteteppe på kjølige sommarkveldar, men no har det allereie hamna i sofaen og er eit pledd som alle ungane nær sagt kranglar om å få bruke. Heldigvis er det stikka så stort at heile familien ein lun flik til sitt fang om vi er raus, set tett og delar på det.

STRIKKEFAKTA:
Mønsteret heter Stort rilleteppe frå Pickles
Brukte rundt 540 gram restegarn. Stort sett Abuelita tjukk merino.
Strikka på pinne 8.
Måler om lag 140 x 140

No er det stort sett julegåvestrikk som er på pinnane mine. Er du godt i gong med dine julegåver?

Fargerikt i ull.

Fargerikt i ull.

1 responses to “Resterilleteppe ruler

Kommenter innlegget