MØNSTER: Pulsvarmarar med vri

Pulsvarmarar med vri – vaksen størrelse S (M)
Legg opp 36 (40) masker på strømpepinne 4 mm med alpakka/ull frå Sandnes garn eller noko som tilsvarar dette garnet. (50 gr. = ca. 100 meter. Anbefalt pinne 5. Strikkefasthet 19 m.) Eg brukte nesten eitt nøste.

Vridd pulsvarmar

Pulsvarmere med vri

Strikk 1 runde rett.
Strikk vridd mønster i 15-16 centimeter (eller til ønska lengde). Sett 6 masker, dei 3 første og 3 siste på runden, på ein ekstra pinne eller tråd til tommel. Om du ikkje vil ha tommel, fell du berre av etter ønska lengde.

Strikk vidare på den delen som skal være rundt dei fire fingrane slik:
Legg opp 2 nye masker under tommelen og strikk vidare på mønsteret til arbeidet måler 20-21 cm fra starten.
Strikk ein runde rett og fell løst av.

Tommel:
Legg opp 2 nye masker under tommel (nokon syns tommelen kan bli litt trang så du kan med fordel gå opp ein halv til ein pinnestørrelse her), strikk 6 runder mønster, så ein runde rett. Fell LAUST av.
Sy samen under tommelen. Strikk ein pulsvarmer til.

VRIDD MØNSTER:
v r r v
v r r v
v v r r
v v r r
r v v r
r v v r
r r v v
r r v v (Mønsteret starter her og lesast frå høgre mot venstre)

Strikkediagrammet skal lesast i same retning som du strikkar. Det vil sei at diagrammet vert lest nedanfrå og opp, og du begynner første linje frå høgre mot venstre.

Lykke til 🙂

2 responses to “MØNSTER: Pulsvarmarar med vri

    • Heisann 🙂
      Nei, dessverre, men om du reduserer fire eller åtte masker tenker eg du får barnestørrelse. Er du i tvil kan du strikke prøvelapp for å se hvor mange masker du bør legge opp for å få barnestørrelse 🙂 Lykke til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s