Ah, for ein fantastisk fredag! Sidan eg har bursdag midt på sommaren, trudde eg 40-årsdagen min var forbigått i stillhet på jobb, men i dag overraska og gleda mine gode kollegaer meg stort! Sidan gåva gjenspeglar ein av hobbyane mine, syns eg den fortener spalteplass i bloggen. Fantastiske Gunvor Rasmussen, som eg nyttar som fast illustratør i Fjord1 Magasinet, har fått i oppdrag å illustrere meg. Resultatet vart dette:
Ei aldeles perfekt teikning som fort skal opp på veggen. I tillegg har kollegane mine vidareført tradisjonen med å lage eit skreddarsydd magasincover til jubilanten. Sidan eg er prosjektleiar for Fjord1 Magasinet var det naturleg å bruke det som utgangspunkt. Som de kan sjå har både blogg, bokdebut og hue med vri fått plass på forsida 😉
Tusen, tusen takk for fantastisk innsats, supre gåver og eit svært gledelig øyeblikk på arbeid i dag.
Gratulerer med vel overstått førti! Foen noen gode kolegaer da, er jo litt gøy å bli gjort stas på:)
Takk, takk, SiriR 🙂 Ja, dette var skikkelig stas!
Gratulerer med vel overstått. Det var ei fantastisk flott tegning 😀
Tusen takk for det 🙂 Tegninga er heilt perfekt! Sååå fornøyd 🙂