Strikk på bestilling og for sal

Like før jul fekk eg bestilling på ei hue med vri, men dessverre hadde eg ikkje mulegheit til å gjere den ferdig til sjølvaste julafta. No har eg derimot fått tid til å strikke både denne og meir til.

Strikka hue med vri på bestilling.

Strikka hue med vri på bestilling.

Ei ny hue med vri er dermed på tur til hovedstaden, og eg håpar den vert mykje brukt og varmar godt!
Hua er strikka i merinoull frå Sandnes garn på pinne 4,5, men eg har òg brukt romjula og starten på 2015 til å teste tjukkare garn på tjukkare pinnar. Ei av huene eg har fått ferdig i det siste er strikka i Nepal frå Drops på pinne 5 – det gir ein grovare struktur og vart også ganske stilig. I tillegg gjekk det sjølvsagt noko raskare…

Hue med vri i ull. Den blå og grå sel eg for 350,- inkludert porto.

Hue med vri i ull. Den blå og grå sel eg for 350,- inkludert porto.

Den blå og den grå hua på biletet over har eg valgt å leggje ut for sal. Begge er i vaksen størrelse og eg sel dei for 350,- inkludert porto.

6 responses to “Strikk på bestilling og for sal

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s