Striper i ull

Denne hua er over gjennomsnittet godt planlagt når det gjeld fargeval, men utover det er hua blitt til undervegs. Før jul kjøpte eg ny allvêrsjakke, og allereie før den vart betalt planla eg å leite etter garn for å strikke ei hue som passa fargemessig.

Nystrikka hue som matcher nyjakka.

Nystrikka hue som matcher nyjakka.

Valet falt på alpakkagarn frå Sandnes. Eg gjekk for grå og grønn, og var ganske sikker på at eg ville ha ei stripete hua. Etter kvart som hua tok form begynte bilder av dusk på toppen å dukke opp på netthinna. Takka vere god hjelp frå mine kjære følgere på facebook falt valet på dusk i grått på topp . Og eg er veldig fornøyd!

This slideshow requires JavaScript.

STRIKKEFAKTA Strikkefasthet 22 m = 10 cm Strikka i alpakka fra Sandnes garn på pinn 3,5 Legg opp 108 masker i hovedfarge (eg valgte grå). Strikk vrangsbord  – 1r 1v – i ca 5 cm. Gå over til rettstrikk og auk til 118 masker på første runde. Strikk så en runde glattstikk i grått. Deretter tre runder grønn, to runder grå til hua måler ca. 24 cm. Felling (strikka med grått garn under heile fellinga) – strikk to og to saman ein runde, ein runde rett, to runder to og to saman. Snurp og fest tråden. Ønsker du dusk i toppen, er det nok garn igjen til å lage både i grått og grønt. God strikking!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s