Det er lenge sidan kalen ønska seg mariusvest – og lenge sidan eg starta å strikke den. Faktisk er det òg ei stund sidan den vart ferdig. Vi er veldig fornøyd med resultatet, men dette er nok både første og siste mariusvesten eg strikkar.
Det kom rett og slett som ei overrasking at eg måtte strikke mønster fram og tilbake (sånn går det når mønsteret ikkje lesast nøye nokk før ein set i gong) og det vart ei stor utfordring i form av mykje uvant tankearbeid og ekstra telling…. Uansett, vesten er ferdig, i bruk og den er heimelaga 🙂