Nytt mønster – hals med vri

Eg har strikka min første hals med vri og er ganske så fornøyd med resultatet! Gledar meg til å ta i bruk denne varme og mjuke herlegheita når kulda set inn.
Hals med vri.jpegDersom du ønskjer å lage en løs strikkehals som dette treng du 100 gram Abuelita tjukk merino eller tilsvarende garn.
Strikkefasthet: 9 masker mønsterstrikk = 10 cm
Halsen er strikka på rundpinne og den går to ganger rundt halsen.

Følg denne oppskrifta:

Legg laust opp 84 masker på pinne nr. 10. Start direkte på mønsterrapporten under:
Strikkediagrammet skal lesast i same retning som du strikkar. Det vil sei at diagrammet vert lest nedanfrå og opp, og at du begynner på bunnlinja og les frå høgre mot venstre. Når du har strikka åtte runder med mønsteret, startar du på rad 1 igjen.

v r r v
v r r v
v v r r
v v r r
r v v r
r v v r
r r v v
r r v v (rad 1)

Strikk til du har nok garn til å felle løst av. Fest trådene og nyt nystrikka og sjølvlaga hals!

Hals med vri.jpg

Strålande fornøyd med nystrikka hals i ull.

3 responses to “Nytt mønster – hals med vri

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s