Ein rest garnnøste her og ein rest garnnøste der kan fort verte til ei hue med vri. Det hender titt og ofte at eg sit igjen med 20 gram garn etter endt prosjekt, og innimellom har eg eit behov for å kvitte meg med desse restane.
Å kaste dei er ikkje aktuelt, så her om dagen starta eg på ei hue med vri i restegarn. Mønsteret på hua finn du her og eg syns resultatet vart så bra i ulike fargar at eg tør å utfordre dykk til å strikke din eigen fargerike variant.