Trøstegåve

Strikka med trøst om omtanke i kvar ei maske.

Ei veldig god venninne av meg har det trist for tida. Sidan eg bur eit stykke unna, og ikkje er der fysisk for å gi trøstande klemmar, har eg laga ho ei gåve som skal varme – forhåpentleg både kropp og sjel. For sjølv om sorga ikkje vert lettare av dette, kan det hende det hjelper å vite at det er omtanke i kvar ei maske i sjalet eg har strikka.

Sidelengs sjal etter mønster frå Pickles

Mønsteret på sidelengs sjal er henta frå geniale Pickles si nettside, og eg har brukt fargane bamse brakar og sand i høvesvis abuelita tjukk merino og Pickles økologisk bomull.

Kommenter innlegget