Mange av de som stikk innom bloggen min nyttar søkjeorda oppskrift og kjøkkenklut. Eg har strikka ein del klutar – er faktisk kome ut av tellinga, men det har blitt mengder sidan eg debuterte på klutfronten i april 2010.
Eg nyttar kun heimestrikka til vask, og det er perfekte gåver til venner, familie, barnehagepersonale eller andre andre som du vil glede i kvardagen. Enkle å strikke er dei òg!
Eg har tatt utgangspunktet i kjøkkenkluten som Ronille har lagt ut oppskrift på på sin blogg. Tusen takk for at du delar!
OPPSKRIFT KJØKKENKLUT
Eg brukar garnet Madarin petit (100 prosent bomull og kan vaskast på 60 grader).
1. Legg opp 38 masker med dobbel tråd på pinne nummer 5.
2. Strikk ein omgong rett for deretter å strikke neste omgong 1 rett, 1 vrang ut pinnen.
3. Gjenta desse 2 omgongane til ønska klutlengde.
Mine er ca. 20 x 27 centimeter, og eg strikkar stort sett tre klutar på to nøster.

Dei beste kjøkkenklutane strikkar du sjølv.
Ønsker du andre klutoppskrifter finn du blant anna to ulike på Garnstudio (Drops vaskeklut i Paris og Drops kluter med 3 ulike strukturmønster) og nokre hos Pickles.
Flotte kluter!
Men synes også at du har slike flott «magebelter» på klutene og lurer på kordan du lager disse?
Hei, Wenche! Så kjekt at du likar magebelta mine, og supert at du spør så kan eg dele enda meir med mine blogglesarar 🙂
Disse har eg laga i eit program som heiter InDesign, men vil tru at det skal gå fint å lage dei i vanleg word også. Lim inn bilde og skriv teksten du vil ha med. Eg har printa dei ut på vanleg A4-ark og klippa remsene ut med vanleg saks. Viss eg ikkje huske heilt feil har eg plass til åtte magebelter på eitt ark. Håper dette var til hjelp 🙂
Verdens beste kluter 🙂 Tusen takk for link!
Å, de var fine og praktiske! Kanskje til og med overkommelig for meg å lage! 🙂 Takk for beskrivelsen!
så flotte!
Heisann. Fantastisk flotte klutar med fine bandelorer 🙂 Ynskjer deg ei fine påske.
Klem 🙂
Tilbakeping: Summer knit // Sommerstrikk | Wool Rocks·
Tilbakeping: DIY: Washcloths | Ellenelle·
Hei. Kjempe fine kluter du lager. Kan jeg spørre hva du tar for klutene dine?
Tusen takk, Charlotte! Eg tar 85,- per klut.
Tilbakeping: Summer knit // Sommerstrikk | Wool Rocks·