Hjarteponcho

Litlo har ønska seg poncho lenge, og eg har lovd ho at eg skulle strikke ein – ein dag det vart tid. Det vart det i romjula, og i løpet av tre korte kveldar var ponchoen ferdig. Juhuu for store pinnar!

Poncho med striper og hjarter.

Poncho med striper og hjarter, strikka på pinne sju og åtte.

Litlo og eg drog på garnbutikken etter å ha kikka gjennom dette heftet til Sandnes garn og konkludert med at modell nummer 7, strikka i easy, var eit supert utgangspunkt.
Litlo plukka ut lilla garn, men det eine av dei åtte nøstene er i grått slik at me kunne strikke inn nokre striper og hjarter i ponchoen. I tillegg har eg strikka ein del kortare hals enn det som står i oppskrifta. Me er veldig fornøyd med resultatet, og litlo gledar seg til mindre fuktige dagar på Vestlandet slik at ho kan bruke ponchoen meir.

Poncho i merinoull frå Sandnes garn.

Poncho i merinoull frå Sandnes garn.

1 responses to “Hjarteponcho

Kommenter innlegget