Over to år har gått sidan eg sydde ein kjole til meg sjølv, men i dag har eg fått ferdigstilt ein eg har hatt i tankane ei vekes tid. Vart ganske så fornøyd…
Kjolen er sydd av ein topp eg fant på salg samt eit gamalt dynetrekk eg har arva. Eit dynetrekk eg er svært glad i, og som eg òg har sydd snurrekskjørt av til litlo, eit på bestilling og ein forklekjole på bestilling.
Har fortsatt litt igjen av stoffet, men det er vel såpass lite at eg neppe får nytta det til anna ermer, lommer eller andre detaljar på det eg syr. Eller ei veske til ein jentunge.
Ser at eg har gløymt å ta bilde av kjolepynten eg viste fram på bloggen tidligare i dag i bruk, men knappebrosja er tenkt på eit svart belte eg har til kjolen eller som pynt på bryststykke.
Fortsatt god helg!

























