Naturleg og enkel vest

Pickles sin Enkel vest har eg strikka ein gong tidligare, og det gav meirsmak. Men denne gongen har eg gått opp fem størrelsar og laga ein til litlo.

Kledd i natur og lilla

Vesten er strikka i originalgarnet frå Pickles, Pickles Økologisk Bomull
og Abuelita Baby Merino, og er ein draum å lage og bruke (ser det ut til). Fargane eg valde er høvesvis bleik jord og natur. Vesten er i størrelse 6-7 år og pitte litt stor til min 6-åring, men den blir nok super å bruke når vi går hausten i møte.

Enkel vest frå Pickels

2 responses to “Naturleg og enkel vest

  1. Ja, den er kjekk å strikke – òg i stor størrelse. Forrige eg laga var i størrelse ett år og gjekk sjølvsagt ein del kjappare enn denne, men tok ikkje skrekken 🙂 God helg til deg òg!

Legg att svar til litlo & kalen Avbryt svar