Eventyrstoff frå Vesterålen

Atter ein gong har eg vore i stoffparadis i Nord-Norge. Nye, gamle stoffer frå Adlys eventyrsalong vart med heim til Vestlandet etter endt ferie, og litlo og eg ser for oss fleire kjolar og tunikaer av desse vakre skattane.

Ser for meg både kjoler og tunikaer av desse flotte stoffa.

Ser for meg både kjoler og tunikaer av desse flotte stoffa.

Tvers over vegen for eventyrsalongen på Dverberg på Andøya finn du Alveland, eit fantastisk såpemakeri som òg serverer nydeleg kaffe og deilige kaker.
Eg har blant anna skrive artiklar om Rita King sitt handarbeid og tatt i bruk dei gode såpene hennar – både i heimen og som gåver.  Saman med såpene har eg ofte lagt ved heimestrikka kjøkkenklutar.

Som takk for at ho har funne opp ei vidunderleg kaffesåpe til å ha på kjøkkenet strikka eg tre klutar i gåve og tok med meg nordover på ferie. Forhåpentlegvis er ein eller fleire av dei allereie tatt i bruk på Dverberg.

kjøkkenklut (1 of 1)

Sommargåve til Alveland-gründer.

Kommenter innlegget